Barnehageplass i Tytingen?

Barnehageplass frå hausten 2019? Her er svara på alt(?) de lurar på.

Søknadsfrista for å søkje barnehageplass er 1. mars, og søknadsskjemaet finn de på Vågå kommune sine sider. https://kommune24-7.no/0515/bruker

Barn som alt går i barnehage i Vågå kommune, enten det er privat eller kommunal, skal berre levere endringskjema. Dette gjeld både dersom de ynskjer å byte barnehage, eller byte til større eller mindre plass. Dersom de ikkje vil endre noko, treng de ikkje å gjera nokon ting. Endringsskjema kan lastes ned her: https://drive.google.com/file/d/1kooOU4Frzo9ANALbejUczUyW1kq0hWGc/view?usp=sharing 

 

 

Tytingen er godkjent for 36 plassar. Dette er fyrst og fremst begrensa av arealet vi har godkjent. I dag er det fullt hjå oss, men vi har nokre som skal på skulen til hausten, så da blir det ledige plassar. For at nokon skal få plass hjå oss før 1. august, er vi avhengige av at ungar sluttar, og det skjer sjeldan. Korleis vi prioriterer ungar ved inntak kan de lese om i vedtektene våre

Maksprisane for foreldrebetaling i alle norske barnehager er styrt av staten. I Tytingen følgjer vi prisane til dei kommunale barnehagane, men ligg noko under på kostpris, til tross for at vi serverer eitt måltid meir pr dag. Grunnen til dette er at på Tytingen er mat ein del av det pedagogiske opplegget. Prisane på foreldrebetaling og kostpris til dei kommunale barnehagane finn de her, og Tytingen her. Maksprisar og moderasjonar når ein har sysken i barnehage, eller låg inntekt, kan de finne på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Tytingen er stengd i jula, påska og tre veker om sumaren. Dette er likt som i dei kommunale barnehagane, og vi følgjer dei sumarstengde vekene til dei kommunale barnehagane.