Vedtekter

Vedtekter for Tytingen Gards- og Naturbarnehage AS

 

 

Vedtekter jamfør barnehagelovens § 7,4. ledd

 

  1. Eigartilhøve

Tytingen Gards- og Naturbarnehage er ein privateigd barnehage for barn frå 0-6 år. Barnehagen blir drive som eit aksjeselskap, der aksjonærane er Evy Renate Kveen, Ragnhild Runningen, Gunnar Vestad og Monika Øien.

Styret består av Ragnhild Runningen (styreleiar), Monika Øyen, Gunnar Vestad og Evy Renate Kveen.

 

 

  1. Formål

Formålet er å vera eit supplement til det allereie eksisterande kommunale barnehagetilbodet i Vågå. Vår visjon er at barna skal hauste gode erfaringar i samspel med naturen og dyra. Barnehageinnhaldet er i hovudsak bygd opp rundt tre hovudtema.

  • Garden og dyra

  • Natur og friluftsliv

  • ”Frå jord til bord”

Med dette som utgangspunkt ynskjer vi at foreldra er aktivt medverkande på opplegg og innhald i barnehagen.

 

Barnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og kommunale vilkår, samt eigne vedtekter, fastsett budsjett og årsplan for pedagogisk verksemd.

 

 

  1. Opptak og oppseiing

Barnehagen tek imot barn frå 0 år og til skulepliktig alder. Barnehagen ønskjer kvart år, så langt det er mogleg, å fylle opp ei småbarnsavdeling med 9 born (0-3 år) i tillegg til ei storbarnsavdeling (frå 4 år). Dette er styrande for opptaket. Dersom småbarnsavdelinga ikkje blir fylt opp med søkarar i alderen 0-3 år, så vil barnehagen fylle opp storbarnsavdelinga tilsvarande. Vidare blir opptak blir gjort i fylgjande prioritert rekkjefølgje:

 

  1. Born med funksjonshemningar

  2. Sysken. Dette gjer vi for at kvardagen skal bli enklare for foreldre med fleire barn i barnehagealder.

  3. Alder

Barnehageeigar er reservert plass i barnehagen. Hovudopptaket er samordna med dei andre barnehagane i kommunen 1. mars kvart år. Vi tek inn barn fortløpande gjennom året i tillegg. Tildeling og oppseiing av plassar skal gjerast skriftleg. Oppseiingsfristen er på 1 månad, rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Tildelt plass blir automatisk behalde fram til oppseiing, eller til det året barnet fyller 6 år. Ved manglande foreldrebetaling over 2 månader, kan plassen bli oppsagt. Om drifta ved Tytingen Gards- og Naturbarnehage skulle opphøyre, har barnehagen to månaders oppseiingstid overfor foreldra.

 

 

  1. Samarbeidsutval og foreldreråd

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval (jamfør lov om barnehagar § 4 med forskrifter). Dette er eit rådgivande organ, og dei har uttalerett i viktige forhold i samband med barnehagens innhald og verksemd. Samarbeidsutvalet består av 4 medlemmar, der 2 medlemmar blir vald frå foreldrerådet og 2 representantar frå dei tilsette.. Desse blir valde for eitt år av gongen. Samarbeidsutvalets medlemmar og alle barnehagens tilsette har teieplikt (jamfør lov om barnehagar §§ 21-23).

 

Foreldrerådet opprettes etter lov om barnehagar § 4 forskriftene pkt, 1. Det består av foreldre til alle barn i barnehagen. Foreldrerådet skal fremme deira fellesinteresser, samt fremja eit godt samarbeid mellom heim og barnehage. Ved avstemming i foreldrerådet blir det rekna 1 stemme for kvart barn.

 

  1. Areal

Det godkjende arealet er 119,7 m2. Det faktiske opphaldsarealet er noko større, da ytterlegare rom i barnehagebygget er teke i bruk som opphaldsrom/ leikerom etter at barnehagen i sin tid vart godkjend. I tillegg er det svært sjeldan at alle barna er inne samtidig. Med bakgrunn i dette set Tytingen gards -og naturbarnehage følgjande krav til areal per barnehagebarn:

 

  • Barn 0-3 år:     5 m2

  • Barn 4- 6 år:    3,5 m2

Uteområdet har ikkje vorte målt nøyaktig opp, men er om lag ca 1,2 dekar. Dette vil såleis ligge godt innanfor arealnormen i ”Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.”, som seier at utearealet bør vera på 6 gonger opphaldsarealet inne.

 

 

f) Barnehagens opningstid

 

Barnehagen er open måndag – fredag 07.00 - 16.30. Ved for sein henting av barn må foreldre betale eit gebyr på kr 100. Barnehagen er feriestengt i jul og påske, samt at det er sumarferie i vekene 29, 31 og 31.

 

 

g) Prisar

 

Prisane er i samsvar med forskrift om foreldrebetaling i barnehager, § 1. Deltidsplassar blir rekna prosentvis ut frå dette. Syskenmoderasjon er på 35% for barn nr 2, medan barn nr 3 går gratis. Per i dag ligg ein fulltidsplass på 3000,-. I tillegg kjem det kostpris på 400,- pr. månad. 

 

h) Forsikring

 

Barna er forsikra av Tytingen gards- og naturbarnehage AS gjennom ei kollektiv ulykkesforsikring, som gjeld både i barnehagens opphaldstid og heile døgnet elles. Dei tilsette er forsikra i arbeidstida av arbeidsgjevar (jamfør lov om yrkesskadeforsikring).

 

 

Fastsett av eigarane av Tytingen gards- og naturbarnehage AS

 

Revidert 07.08.2023

 

 

 

Evy Renate Kveen, Ragnhild Runningen, Monika Øien og Gunnar Vestad