Ideologien til barnehagen

I Tytingen skal barna møte tilstadeverande, varme og engasjerte vaksne som legg til rette for gode opplevingar i samspel med venar, dyr og naturen. Vi har tre hovudtema: - garden og dyra - naturen og friluftsliv - "frå jord til bord"

Dessa tema er ein raud tråd gjennom heile året. Vidare legg vi stor vekt på samlingsstunder, både planlagde og meir impulsive samlingar ute i naturen, så vel som inne. Vi bruker hovudtema, men og andre ting som opptek barna og oss. Formingsaktivitetar er ein viktig del av vår barnehagekvardag, og det er naturleg å få fletta dei inn i våre hovudtema.

GARDEN OG DYRA
Vi ynskjer at barna skal få god kjennskap til, utvikle respekt for, og bli trygge på dyra. Forskning viser at ungar som har nærkontakt med dyr blir meir omsorgsfulle. Ut i frå eigne erfaringar meiner vi at barn og dyr er ein svært positiv kombinasjon. Barna lærer at dyra er levande individ og ikkje leiketøy.

NATUREN OG FRILUFSTLIV
Vi har som mål å lære barna å bli glad i å leike seg i naturen, og å bli glade i å ferdast i naturen. Ved å gje barna gode opplevingar ute i skog og mark, håper vi på å legge grunnlaget for gode haldningar til, og respekt for naturen. Naturen er ein svært god læringsarena, og detta nyttar vi oss mykjy av. Vi har to faste leirplassar, desse er tilrettelagt så dei kan brukast heile året, uansett ver. Området ved barnehagen er til del bratt og kupert, dette ser vi på som positivt med tanke på barns fysiske aktivitet og utvikling. Vi nyttar oss og av område i nærmiljøet. Vinteraktivitet som aking og ski blir lagt stor vekt på, vi har skiløype og OL på Lemonsjøen.

"FRÅ JORD TIL BORD"
Vi ynskjer å gje barna innsikt i korleis ein del av maten har vorte til. Vi har grønsakhage i barnehagen. I grønsakhagen har vi poteter, gulrøter, neper, redikker og sukkererter. På Klones plukkar vi bringebær, kirsebær, rips og solbær som vi saftar og syltar av. I tillegg er vi på bærtur for å plukke “tyting” og blåbær. I kufjoset får vi mellom anna sett kor mjølka kjem frå. Kvart år har vi meieriveke, da separer vi og lagar smør, ost og rømme. Av hønene våre får vi mykje egg. I år vil vi ha ein kornveke der vi mellom anna får sjå korleis korn blir til mjøl. Baking, kokking og tradisjonskost kjem innanfor dette temaet. Kvart år får vi få tak i eit lite slakt som vi skal lage mellom anna kjøttdeig av. Til jul lagar vi mellom anna kjøttkaker og sylte. Vi satsar på å lage mykje mat ute over bål eller grill. Under dette temaet trekker vi inn besteforeldre og andre ressurspersonar. I år kjem vi til å legge spesielt stor vekt på dette temaet. I år har vi hatt student som har hatt eit utviklingsarbeid som går på mellom anna måltid og tilbreding av mat i lag med ungane.