Praktiske opplysningar

Her er diverse praktiske opplysingar det kan vera greit for foreldre å ha oversikt over.

Opningstid: 7.00-16.30.

Kjernetid: 9.30-14.00. Vi vil gjerne ha beskjed om barnet kjem etter 9.00 eller blir henta før 14.00. Vi er ofte ikkje på barnehagen sitt inngjerda område i
kjernetida.

 

Feriar:

Sumarferie: veke 29, 30 og 31 i 2024
Barnehagen er stengd i heile romjula og i heile påska.
         

Pris:

Vi følgjer den nasjonale maksimalprisen. Prisane på opphald for 3, 4 og 5 dagar blir justert kvart år. Maksimalprisen i barnehagane blir fastsett i Stortinget sitt årlege budsjettvedtak. I 2024 er maksprisen på 3000,- pr månad for ein fulltidsplass i perioda 1. januar til 1. august. Frå fyrste august er maksprisen redusert til 2000,- frå 1. august 2024.

I tillegg kjem det kostpris for mat på 400,- for ein fulltidsplass, 320,- for fire dagar og 240,- for tre dagar.

Syskenmoderasjon:

30% for barn nr. 2, og gratis for barn nr. 3 når alle går
i barnehagen samstundes.

Kjøp av ekstra dag:

Det er mogleg å få kjøpt ekstra dagar, dersom det er ledig plass på
avdelinga. Det kostar kr 300 pr dag + kostpris (20 kr), blir samla opp og fakturert i
desember og juni.

Sjukdom/fridagar:

Barnehagen vil gjerne ha beskjed dagen før om barnet skal ha fri. Er
barnet sjukt er det fint om vi får beskjed om dette før kl 9.00 sidan vi
ofte går på tur. Barnet skal ha ein feberfri dag og allmentilstanden skal
vere bra før det kjem attende til barnehagen. Ved omgangsjuke
(oppkast og/eller diare) skal barnet vera symtomfritt i 48 timar før det
kjem attende til barnehagen.
Fråvær (sjukdom, fri, ferie osv) kan gjerne meldast i Kidplan-appen.

Klede:

Barna skal ha minst eit ekstra klesskift i barnehagen. Merk kleda så
langt det er råd.

I ein naturbarnehage er vi mykje ute. Det fordrar at ungane har gode
klede til all slags ver. Eit lag med ull innerst er det aller beste.
Ungane må ha godt med skift i barnehagen. Vi har litt låneklede i barnehagen, hugs å ta desse med attende til barnehagen nyvaska.

Måltider:

07.30 - 08.30: frukost, brødmat, havregraut eller frokostblanding
10.30: hovudmåltid for dei minste.
11.00: hovudmåltid for dei største.
14.00-14.30: Frukt: lett måltid med blant anna frukt