Forslag til ny barnehagelov

I november kom regjeringa med eit forslag til ny barnehagelov, og denne er no ute på høyring. Lovforslaget er omfattande og høyringsnotatet er på 213 sider, og det inneber mellom anna at foreldrenes rett til å velgje barnehage, og dei private barnehaganes forutsigbarheit, vil bli svekka.

I Vågå kommune er det berre Tytingen som er privat, og det er også to kommunale barnehagar i kommuna. Å ha eit mangfald i barnehagetilbudet meiner vi er positivt for ungar og foreldre i kommuna. At det er litt sunn konkurranse i barnehagsektoren bidreg til å utvikle tilbodet, og gjev oss eit godt tjenestetilbud og gjer Vågå til ei attraktiv kommune å bu og busetja seg i.  

Dette inneber og at foreldre kan søkje barnehageplass etter til dømes nærmiljø, pedagogisk retning, rykte og så vidare. Vi i Tytingen meiner at eit fritt barnehagevalg bør vere ein grunnleggjande rett foreldre skal ha. Forslaget til regjeringa er at kommuna skal få svekke og overstyre foreldra sine valg og prioriteringer ut frå eigne “behov” - til dømes skal kommuna ved overkapasitet kunne fylle dei kommunale barnehagene fyrst uavhengig av foreldras ynskjer. 

Dette gjev også ein uforutsigbar situasjon for oss som privat barnehage. Ein privat barnehage lever av foreldrebetaling og offentlege tilskot, og vi får sjølvsagt berre foreldrebetaling og tilskot for dei ungane som går hjå oss. I dag er det foreldra sine valg som avgjer om Tytingen har livets rett. Vi lever av å gje eit godt tilbud, ha nok søkarar og dermed fylle barnehageplassane vi har. Ein barnehageplass som blir ståande tom gjev oss ingen foreldrebetaling, ingen tilskot og dermed mindre inntekter. Dette kan gå ut over tilbud og kvalitet, og sjølvsagt gjev det ei stor uforutsigbarheit for eigarar og tilsette.

Foreldrebetalinga er om lag 15% av inntektene våre, og dei øvrige inntektene er offentlege tilskot. I dag er det lovfesta at dei kommunale og private barnehagar skal likebehandlast og det er nasjonale regler som fastset korleis tilskota skal bereknast. Med det nye lovforslaget vil regjeringa avskaffe det nasjonale regelverket. Det skal i staden bli opp til kvar enkelt kommune å avgjera kor mykje dei private barnehagane skal få i tilskot, og dermed bevisst eller ubevisst forkjellsbehandle barn og barnehagar. 

I dag har dei private barnehagene ei godkjenning som er permanent. Dette vil og regjeringa gjere om på nå. Nå skal godkjenninga kunne endrast kvart 10. år med to års varsel, og dette kan i praksis bety at kommunene kan redusere det antal barnehageplassar vi har over tid, og etterkvart kan dette slå beina bort under oss. 

Dersom det er nokon som ynskjer å engasjere seg i denne saka, så er det mange moglegheiter for det. 

For det fyrste kan signere underskriftskampanja Mitt barn - mitt valg her: https://www.underskrift.no/vis/12497/

De kan og levere høyringssvar på lovforslaget. Det kan de gjere her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-forslag-til-endringer-i-barnehageloven-med-forskrifter-styring-og-finansiering-av-barnehagesektoren/id3001726/ . Frist for å levere svar på høyringa er 1. februar.

Ellers set vi pris på at de deler dette innlegget og/eller videoen over i sosiale medie.