Beredskapsveke

Denne veka har vi hatt beredskapsveke med brannøvelse, brannbil-besøk og besøk hjå lege og helsesyster.

Eitt av årets høgdepunkt er brannbilbesøket. Denne dagen blir rekna ned til i lang tid, og blir hugsa lenge. Vi fekk sjå på alt utstyret på brannbilen, høyre sirena, gå inn i brannbilen, og ikkje minst sprute med slangen!
(Artikkelen fortset etter bileta.)

Hjå legen fekk vi sjå på alt utstyret han har, og nokre fekk sjekka augo og øyrer, og vart lytta på. Hjå helsesyster fekk vi sjå på vekt og høgdemålar, synsundersøkelsesutstyr og mykje anna. Spanande!
(Artikkelen fortset etter bileta.)

Takk til både brannvesenet som kjem til oss kvart år, og til dei på helsesenteret som tek seg tid til å ta imot oss!