Tytingen på jakt

Torsdag var 11 ungar frå Tytingen gards- og naturbarnehage i Sjårdalen på jakt. Hjort vart sett berre nokre meter ovanfor der ungane sat på post, men dessverre kom ikkje jegaren på skothold.

Eitt av satsingsområda til Tytingen er «frå jord til bord», der ungane skal sjå kvar maten kjem frå. Som ein del av dette var dei to eldste kulla med Svein Erik Benrud på elg- og hjortejakt i Sjårdalen for tredje år på rad. Dette året var det på Stokstadåsen at jegaren meinte sjansa for å treffe på vilt var størst.

På veg inn til posten vart det observert spor både av elg og hjort, og elghunden Karo drog i bandet. Han kjente tydeleg lufta av dyr i nærleiken. Hunden vart sleppt laus, og forsvann inn i skogen medan ungane stod femti meter bak Svein Erik. Så lydlaust barnehageungar kan venta dei spent, og plutseleg kom to hjortar ut av skogen. Dessverre vart vinkelen slik at det ikkje kunne løsnast skot - men jammen var det det nære på!

I staden vart det bålkos i det varme haustværet, og Svein Erik diska opp med elgkarbonader.

 

På post. Her er hunden inne i skogen, og ungane står spent og ventar på om det kjem ut hjort eller elg. Svein Erik sit klar med børsa ca 50 meter framfor ungane.

 

Her er det tydelege spor.

 

Spanande å sjå inn kikkerten.