Bålmat med Norsk Smaksskule

Torsdag hadde vi besøk av kokk Per Ivar Berget frå Norsk Smaksskule som laga fisk på bål saman med oss.

På menyen sto laks og kveite steikt på ei fjøl ved bålet. Ungane fekk vere med og tilberede fisken, som mellom anna å spikre (!) fast fisken på fjøla. Attåt fisken fekk vi grønsaker og rumme. Til dessert vart det varm sjokolademjølk laga av ekte sjokolade. Det vermde godt i det klåre haustveret på Klonesodden denne dagen.