Siste skitur

Etter år med skileik, skiturar og mykje moro med ski på beina, var det slutt. Onsdag gjekk dei som skal byrje på skulen til hausten sin siste skitur. Målet var setra til Berit, Tuvstulen.

Til tross for grått vær pakka vi ski og stavar og sette til fjells. Tradisjonen tru er det siste ein gjere på ski på Tytingen å gå til Tuvstulen på ski. Etter år med skileik og kortare skiturar er dette sjølve desserten for dei 15 skulestartarane våre.

Etter god hjelp frå ein småsveitt drosjesjåfør klarte alle med noko forvirring å finne sine ski, stavar og sekkar, og vi kunne byrje på skituren opp frå Darthus. "Ut på tur, aldri sur" gjeld definitivt her, for sjølv om enkelte lurte på kor langt det egentleg var, og om det var motbakke heile vegen, var det god stemning.

Ved Randsverksletta byrja været og sprekke opp. Kunne det bli sol likevel? Det var vanskeleg å konkludere når vi susa ned bakkane med utsikt mot Flatningen. 

På Tuvstulen hadde det vore ungar i påska, og her var det tunnelar og holer i kvar snøhaug. Eit eldorado som gav skiløparane ny energi som ved eit trylleslag. Det var stor aktivitet heilt til lukta av grilla fiskekaker nådde dei. Da strøymde det svoltne ungar ut av kvar ein snøhaug, og slo seg ned på benken ved veggen, og fekk sola midt i fleisen. 

Etter hovudretten kom det opp eit og anna å kose seg med frå sekkane. Her var det varm saft og kakao ved sidan av kjeks og marshmellows, og godsakane vart sendt rundt etter "alle skal få"-prinsippet. Nokre av ungane fabulerte om det kunne vere plass nok inne på setra til at alle kunne overnatte, og hadde dei fått viljen sin, hadde vi sikkert vorte over natta. "Dessverre" måtte vi ned att, og det var ein gjeng sveitte og blide ungar, og ein noko mindre sveitt, men blid, drosjesjåfør som sto og venta på oss ved Darthus. 

Takk for turen!