Meieriveke

I dag har vi avslutta ei veke med fokus på meieriprodukter.

Ungane har vore med og separert mjølk. Av fløyten og mjølka vi separerte har vi laga ost, smør, kakao og graut.

Vi hadde og ein dag der ungane fekk smake på ulike mjølketyper: ekstra lett, heil, fløyte, kefir, surmjølk med bringebærsmak og sjokolademjølk.

I dag har vi avslutta med ein tradisjonsrett: krumvelling.