Smakskule på Tytingen
På Tytingen er eit av hovudtemaa våre ”frå jord til bord”, vi arbeider med dette temaet ut i frå årstidene. Sender deg i grove trekk ein dokumentasjon der eg har trekt ut noko av det vi har arbeidet med i haust. Det vi har vorte flinkare til etter at vi fekk vera med som ”pilot-barnehage" i Smaksskulen er å dra inn alle sansane når vi arbeider med frå jord til bord. Vi legg også større vekt på å prate om for eksempel smakane nå.
Øyvind Svare Odde - 17.09.2013 12.19
EPLE
Dei eldste i barnehagen kjørte hest og kjerre for å plukke epler. Vi smakte sjølvsagt på eplene medan vi plukka. Dei epla som vart att bakte vi eplekake av, og lagde eplemost av. Den varme eplemosten fall verkeleg i smak hjå nokre av ungane. Eplemosten har vi vidare laga ”tilslørte bondepiker” av, og vi et den på brødskiva.