Prøvde seg som glaskunstnarar

Denne veka fekk det største kullet i Tytingen prøve seg som glaskunstnarar i verkstaden til Sigrid Blekastad.

- Oi, så fine farger!

I verkstaden sin, i nabobygget  til Tytingen gards- og naturbarnehage, har glaskunstnaren Sigrid Blekastad strødd fargerike glasbitar utover ei opplyst bordplåte. Ljoset ellers i verkstaden kjem inn gjennom vakkert utsmykka vindauge. Ljoset og fargane gjev eit enormt visuelt inntrykk. 

Til dagleg lagar Sigrid små og store utsmykningar i glas. Denne dagen har ho invitert dei fem år gamle naboane sine til å prøve seg som glaskunstnarar.

- I dag skal de få lage eit kunstverk de kan hengje i vindauget, seier ho, og ungane set i gang med å pusle saman glasbitar til figurar.

- Eg skal lage ein båt med rakettmotor, seier ein.

Idèen brer seg, og snart blir det båtar i ulike fasongar på alle saman. Når alle er tilfredse med båtane må glasbitane slipast. Med vernebriller og eit konsentrert ansiktsutrykk får alle prøvd seg ved slipemaskina.

Dette er meir spanande enn det som må gjerast etterpå - å leggje tynn kobbarteip rundt alle glasbitane.

- Dette er viktig for at vi skal kunne lodde glasbitane saman, forklarer Sigrid.

Når teipen er på plass blir det litt meir action att. Det er klart for lodding. Loddejernet held fleire hundre grader, og Sigrid seier gong på gong at ungane berre må helde på det raude skaftet, og passe seg så dei ikkje brenn seg, likevel er det ein som er uheldig og får det travelt med å halde fingeren under kaldt vatn.

 

 

Til slutt hjelp glaskunstnaren til med å ha på ei hempe på kunstverka, slik at dei hengjast opp. 

- Sjå kor fine dei blir når sola skin på dei, seier ein av ungane når båtane blir testa i vindauget til Sigrid.

- Tenk kor glad mamma blir når eg kjem heim med denne!

Tekst og bilete: Øyvind Svare Odde