Vi vann traktor!

Vi er medlemmar av Nettverk for Natur- og Gårdsbarnehager, og desse trekte nyleg ut ei tråtraktor frå Felleskjøpet til ein av medlemmane. Vi vann!

Fredag var det seks ivrige ungar som tok turen til Felleskjøpet på Otta for å hente premien, og vel heime att vart traktroen montert og teke i bruk.

Vi har eit par traktorar frå før, men desse er populære og er i bruk i timesvis kvar dag i sumarhalvåret. Dette kjem godt med!