Litt av det vi har gjort i april

Her er litt av det vi gjorde i april.

  • Ski: Førskuleungane hadde sin siste skitur i si barnehagekarriere like etter påske. Vi gjekk frå Darthus til Tuvstulen. Det vart grilling, kos og leik i solveggen. Meir om denne turen her http://tytingen.barnehage.no/Innhold/Nyhet/99656 . Dei to yngre kulla hadde siste skitur for sesongen på Svejordet. Der var føret noko dårlegare, og det vart mest leik i ein stor snøhaug.

  • Kvalpe- og lammingsbesøk: 2014-barna var med dei minste på besøk til Hanne for å helse på kvalpane. Da var enda ikkje lamminga i gang, så dei får ein tur til fyrst i mai. 2012- og 2013-barna reiste til Hanne etter at lamminga var i gang. Der fekk vi oppleva ei dramatisk lamming. Hanne måtte dra ut lammet, og da ho fekk det ut var lammet daudt. Heldigvis fekk skjedda eit lam til som var heilt friskt. Vi leikte og kosa med kvalpane, hoppa i høyet, reinska hjå hestane, og kos oss med fiskekaker, møyrlefse og kringle ute i sola.

  • Vågåhallen: I mars var førskuleungane i hallen med fysioterapeut Hege Bestum. I april var det 2013- og 2014-barna som fekk ei økt i Vågåhallen.    

  • Snikring og spikking: Vi har laga oss ein instrumentplass på gjerdet ute. Denne plassen er framleis under utvikling. Vi snikra og måla instrument som vi hengde opp på gjerdet. Vi måla også gjerdet der instrumenta skulle vera. Meir instrument kjem nok til undervegs.

  • Sangstund med Mari Midtli og Ola Grøsland:Vi lærde ein del korte lokale viser, eller «stubbar» som Ola kalte dei. Desse sangane fenga ungane som har gått rundt og tralla på desse i dagene sidan. Dei siste versa på denne sangen laga ungane saman med Ola og Mari: https://drive.google.com/file/d/1HgFE-LVVchvYUuVPOt-OQVUjC7HzTWe3/view?usp=sharing

  • Bibliotekbesøk:Førskuleungane var invitert til biblioteket for å møte forfattar Camilla Kuhn. Ho fortalte og teikna skjelettet, og las boka boka «Samira og skjelettene». Ho hadde stor formidlingsevne, og dette fenga skikkeleg. Til slutt fekk alle ungane t-skjorter og bokmerke.

  • Hestedag: 2014-barna var med dei minste oppi Runnungen på hestedag. Greitt å dele gruppa på slike dagar så blir dei ikkje så mange i fjøset og som skal ri samtidig. 2012- og 2013-barna køyrde Tytingbilen opp til Runningen, men dei gjekk attende til barnehagen. Dei fleste var ein tur i fjøset for å helse på dei nyfødde kalvane. Det var mykje leik i trehytta, leikehuset, og med køyretøy før vi åt lunsj ute i det fri. Etter lunsj fortsette leiken medan to og to rei på Balder og Jens.