Internasjonal veke på Tytingen

I Tytingen har vi nokre ungar som har foreldre frå andre land, og denne veka har vi hatt ekstra fokus på desse landa.

Mondag laga språkpraksis-eleven vår, Samira, mat frå Eritrea. Dette var ei ganske sterk gryte med lammekjøt som heitte Zigini. Til denne laga ho ei slags pannekake av byggmjøl, kalla Injera. På grunn av at gryta var såpass sterk, laga vi ris til. Det nok ungane hugsar best frå dette måltidet var nok at vi måtte ete med hendene! I samling såg vi på bilete frå Eritrea, og det mest spanande var nok at Samira fortalde at det var gullgruver der, men at den slemme presidenten tok alle penge sjølv og folket var fattig. I Eritrea er det ti språk. Vi prøvde å rekne på fire av dei.

Tysdag fekk vi serbisk pita, ein slags brødbolle med lammekjøt inni. Til dette fekk vi ei ganske sterk spekepølse. Dette likte ungane godt. Vi såg på bilete, og prøvde å rekne på serbisk. Det ungane var mest opptekne av var at det var ei krone på flagget deira, men dei hadde ingen konge.

Onsdag laga vi den polske spesialiteten pirogar. Fyrst åt vi pirogar med ost og potet i, og seinare på dagen åt vi pirogar med bringebær og krem. De kan gjette på kva som var mest populært... Vi rekna på polsk, og lærte nokre fraser.

Torsdag var det Litauen sin tur. Ei mor hadde laga cepelinai til oss. Dette er ein potetbolle med svinekjøt inni. Desse smakte veldig godt, men den litt seige konsistensen på potetene var uvant for mange. Til dessert fekk vi ei veldig god og søt småkake, som likna litt på vannbakelse. Dette gjekk ned på høgkant! Vi rekna, heia, takka og lærte å introdusere oss sjølve på litauisk.