Tytingen og Ida si gave til Namibia

Kvart år pleier vi å samle inn pengar til barn i andre delar av verda som treng det. Dette har vi som regel gjort gjennom Forut, men i år vart det noko spesielt.

Ida, dottera til Hanne som jobbar på Tytingen, skal bli barnehagelærar og har for tida praksis i ein barnehage i Namibia. Vi fekk høyra historier og sjå bilete av ungar som ikkje hadde leiker, og at dei ungane som hadde med seg mat ein dag måtte dele denne med dei som ikkje hadde mat. Vi bestemte oss for at i år måtte pengane gå til denne barnehagen. Vi hadde kafé på Klones med underholdning og loddsal, og tok inn ca 4000 kroner. Vi sendte pengane til Ida som handla inn leiker, fyrstehjelpsutstyr og anna nødvendig materiell. I dag fekk vi triveleg melding og bilete frå Ida:

Til alle på Tytingen! Tusen takk for donasjonen jeg fikk fra dere! Pengene har gått til maling, materialer til huske og masse leker til barnehagen. De to skoleklassene jeg har vært i fikk leker, skrivesaker og andre nyttige ting. Dette ble vi kjempeglade for, og både jeg, lærerene og barna er veldig takknemlige.