Er du naturmannen eller (t)urkvinnen Tytingen søker?

Gards- og naturbarnehagen vår søker assistent i opp til 80 prosent stilling. Minimum ein arbeidsdag i veka - og for minst eitt år. Hører du fjellet, skogen, kulturlandskapet, villmarka og 30 turglade tytingar kallar?

 

"I Tytingen lukter det fjøs i barnehagen og barnehage i fjøset"

For små og store tytingar handlar kvardagen om garden og dyra, naturen og friluftslivet og måltidet frå jord til bord. No vil vi gjerne ha følgje med deg som av livserfaring eller utdanning er eit naturmenneske som veit kor haren hoppar, reven luskar og heggen blømar. Som kan forklare små oppdagarar kvifor den vesle markjordbæra har så stor smak og korleis ein gjer opp bål med tennstål. Kort sagt vise korleis naturen heng saman og spelar på lag med dei som er så heldige å lære han å kjenne - i selskap med ein trygg og kunnskapsrik vaksen.

Vil du vere med oss på oppturar, nedturar og bomturar?

Tytingen gards- og naturbarnehage søker:

• Assistent med utdanning eller livserfaring innanfor natur og friluftsliv
• Inntil 80 prosent stilling – minimum ein arbeidsdag i veka
• I fyrste omgang eitt år med moglegheit for forlenging
• Løn etter avtale

Ingrediensane i gode arbeidsdagar på Tytingen: 

• Ca 30 glade ungar frå 1 til 6 år
• To avdelingar
• Førskulegruppe
• Fjøs med gris, sau og kaninar
• Høner og tidvis geitekillingar på tunet
• Hestestall, geitefjøs, skiløyper, fjellvatn, eventyrskog og andre spanande turmål i nærleiken
• Svært aktive og artige arbeidsdagar med masse turar, oppdagingar og læring
• Særlig vektlegging av garden og dyra, natur og friluftsliv, samt måltid frå jord til bord
• Eigen Tytingbuss, eit fantastisk gardsmiljø og nærområde og fire eventyrlege årstider
• Herlege, leikne, nyfikne, spreke, sprudlande og vilt inspirerande barnehageungar og kolleger

Vil du bli betre kjend med oss? Sjå kva aktiviteter og eventyr vi fyllar dagane med? Finn @tytingen på Facebook, og kikk gjennom bilete og videoar – eller sjå innom oss for ei omvising og ein god prat.

Beste helsing Evy, Ragnhild, Øyvind, Gro, Berit, Hanne, Mette, Sina, Lene Marit, Magni, Liv Hege og alle tytingane