Killingar på Tytingen

Killingar om våren er eit sikkert vårteikn. Slik er det også på Tytingen.

Vi er så heldige at vi har fått to killingar frå Valbjør også i år. Foreløbig er dei navna Glitra og Vesle-Håkon, men dette kan forandre seg. Dei held til i eit rom i uthuset vårt, og på dagtid går dei ute med ungane. Kjenner vi dei rett, er det ikkje lenge før desse to sosiale krabatane heng etter ungane som ein hund. Når vi var på Klonesodden tysdag, måtte dei sjølvsagt bli med: